...
Herdis Moldøen (biletet) fekk beskjed om at bh-en måtte av før ho fekk passere sikkerheitskontrollen. Foto: Privat/Bent Are Iversen Foto: Bent Are Iversen

Fekk ordre om å ta av seg BH-en

Herdis Moldøen kjende seg naken då ho skulle heim til Oslo med fly.

Karin Flølo
Karin Flølo Profil E-post
Publisert 11.10.2010 kl 11:13 Oppdatert 11.10.2010 kl 16:15

Tips ein venn på e-post:


Det var torsdag ettermiddag Herdis Moldøen (32) skulle reise frå Førde lufthamn Bringeland og heim til Oslo. Ho hadde vore i Sunnfjord i samband med jobb, og skulle nå Robyn-konserten i Oslo.

Men då ho kom til sikkerheitskontrollen ved Bringeland møtte ho trøbbel framfor fleire reisande. Slik opplevde ho situasjonen:

Vakta: - Her var det mykje metall

Det byrja å pipe. Ho fekk spørsmål om hadde på seg metall av noko slag, som eit belte eller sko. Tøyskoa måtte av. Ho prøvde igjen, utan at pipinga slutta.

  • Har du opplevd ubehaglege situasjonar i sikkerheitskontrollen? Ta del i debatten i kommentarfeltet under saka.

Det vart teke ei scanning, fann security-vakta og Moldøen ut at det kunne vere BH-en som slo ut.

– Her var det mykje metall, sa vakta.

– Kan ikkje du ta ein sjekk då, spurde 32-åringen, og fekk som svar at det ikkje var kvinnelege vakter på jobb.

– Må eg ta av meg BH-en, spurde ho.

– Gjerne det, svarte vakta, og viste vegen til toalettet.

Vart flau

– Dette var dritflaut, fortel Moldøen til firda.no.

Ho måtte inn på toalettet og ta av seg spile-BHen. Ho fekk ein pose til å bere den i.

– Eg ville mykje heller blitt kroppsvisitert enn å sprade rundt utan bh framfor køen av folk. Eg kjende meg naken, seier ho.

Firda.no: – Har du forståing for at det bør vere strengt i slike kontrollar?

– Dette er for strengt. Eg har ikkje forståing for at ein skal måtte ta av seg BH-en. Det er diskriminerande. Tenk om nokon har på seg ei truse med metallpynt. Skal ein måtte ta av seg denne også, undrar ho.

Ingen trøbbel på Gardermoen

Firda.no: – Peip det i kontrollen på Gardermoen?

– Ja, men eg vart fortald at det var berre ein rutinesjekk. Der måtte eg ikkje ta av meg BH-en, seier ho.

Firda.no: – Skremd frå å komme attende til Førde?

– Ja, no kjem eg aldri tilbake, he-he. Nei da. Eg kjem nok tilbake til Førde, seier Herdis Moldøen.

Lufthamnsjef: - Drygt

Lufthamnsjef i Førde, Kjell Otto Gjesdal, har full forståing for at dette var ubehageleg.

– Dette høyrest drygt ut. Eg har aldri høyrt at noko liknande har skjedd her, seier lufthamnsjefen.

– Dersom ho synest situasjonen vart ubehageleg, bør ho ta kontakt med oss. Slik skal det ikkje vere, seier han.

Gjesdal forklarar at det berre er produsentane av kontrollane som kan stille på styrkenivået. Ingen på flyplassen eller Avinor kan gjere dette. Innstillinga til kontrollen er innanfor EU sine verdiar.

– Fleire ting kan spele inn på kor følsame dei er. Er det for eksempel tørt og kaldt, kan dei bli meir ømfintleg, seier han.

- Kan gå begge vegar

Flyplassjefen sjekka opp i saka. Det var sjukdom som førde til at dei ikkje hadde kvinnlege vakter på jobb denne torsdagen.

- Det optimale er å ha vakter av begge kjønn på jobb, seier han, og legg til:

- Men dersom ein person pip, må vakta sørge for at det som pip blir teke av, seier han.

Han har sjølv opplevd å pipe på Gardermoen, men ikkje i Førde, trass i at eg gjekk med same kleda. Det kan gå begge vegar, seier han.

Gjesdal understrekar at det er viktig at kontrollane på flyplassane er strenge.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå passasjerar om at dei føler det er trygt å reise gjennom Førde lufthamn, seier Kjell Otto Gjesdal.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.