Ber om hjelp til å finne namn etter heftig debatt
Kva bør stien opp til Hafstadfjellet heite? No vil stiftinga bystien ha innspel frå publikum på namn på stien som skal gå frå sentrum og opp til Hafstadfjellet.
Mykje diskusjon og debatt
Sjølv om stiftinga har nytta bystien som eit arbeidstittel, så er det slett ikkje nødvendigvis dette som blir det endelege namnet.
– Nei, vi ser jo at det har vore ein god del diskusjon og mykje engasjement rundt namnet bystigen. Vi har fått mykje innspel på namnet, så no vil vi ut og be om namneforslag, seier styreleiar John Helge Lunde i stiftinga.
– Vi har levd etter prinsippet at vi først må lage ungen før vi kan setje namn på den, legg Lunde til.
Premie til vinnaren?
– Er det premie til den som kjem med namnet som blir brukt på stigen?
– Den mest fantastiske premien må jo vere at ein får komme med det beste namnet, seier Lunde, og legg til at det synest det er veldig flott med det store engasjementet rundt namnet på stigen.
Motbakkeløp opp Hafstadfjellet
Bystien står ikkje klar før neste sommar, og då skal opninga markerast med eit eige motbakkeløp.
Håpet er at «Hafstadfjellet Opp» skal samle tusenvis av mosjonistar som vil delta.
Men allereie 2. oktober blir det eit eige testløp som vil gå på den noverande grusvegen frå Bruland.
Fleire namneforslag på bordet
Styret ønskjer forslag i løpet av september, og etter at framlegga til namn er på bordet, vil formannskapet sende dette vidare til Statens namnekonsulentar på Vestlandet.
Så vil til slutt formannskapet vedta namn og skrivemåte.
Her er nokre av forslaga som allereie ligg på bordet:
Bystien, Hafstadkleiva, Geita, Bykleiva , Førdekleiva, Hafstadklyvet og Fjellkleiva.
Om du har formelle namneforslag, kan du sende dette på epost til Lunde jhl@gravdal.no, og leggje det inn i kommentarfeltet.
Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir