...
Hovudhuset på den gamle handelsstaden Furesundet brann ned natt til 9. september. Politiet leitar framleis etter svar på brannårsaka. Arkivfoto. Foto: Knut Magnussen

Verna bygg brann ned

Verna bygning gjekk opp i flammar i natt.

Knut Magnussen E-post
Publisert 09.09.2010 kl 08:01 Oppdatert 09.09.2010 kl 08:52

Tips ein venn på e-post:

...

Sidan 1600-talet har det vore gjestgiveri og handelsverksemd i Furesundet.

Inntil brannen natt til torsdag stod det att fem hus på staden - eldhus, to sjøbuer, naust og det gamle særprega, kvitmåla våningshuset i halvannan etasje, med pultark og halvvalma tak.

Den sistnemnde bygningen som er verna, vart flammame sitt rov i natt.

Frå gammalt har det stått fleire sjøhus på staden, men desse er borte, sjøv om nokre av grunnmurane står att.

Furesundet, som ligg mellom to holmar rett vest for rullebana ved Florø lufthamn, har gode hamnetilhøve, og sikre seglingsleier..

Staden låg sentralt til i den gamle skipsleia, og gjestgivarstaden med det viktige brennevinsløyvet som høyrde til, var ein del av tidlegare tiders skysskiftesystem.

Kong Christian VI og følgjet hans skal mellom anna ha overnatta der under Norgesferda si i 1733.

I dei rike sildeåra rundt 1860, som førte til at Florø vart grunnlangt, var det kjøpmann H.M. Dahl som dreiv handel i Furesund. Han avvikla den omstridde brennevinsserveringa, og Furesund vart etter kvart ein samlingsstad for truande, medan den nye byen Florø overtok handelsverksemda.

(Kjelde: Flora: Kulturhistorisk vegvisar, av Harald J. Stavang).

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.