...
Gøran Hovland er på full veg mot draumejobben som snikkar og har bevist at det går fint an å få dette til- trass i handikappet sitt. Foto: Sissel Iren Skjerdal

Let seg ikkje hindre av handikappet

Gøran på veg mot draumejobben

Sissel Iren Skjerdal
Sissel Iren Skjerdal Profil E-post
Publisert 08.09.2010 kl 15:05 Oppdatert 09.09.2010 kl 07:41

Tips ein venn på e-post:

...
Gøran Hovland (i midten) er på veg mot draumejobben som snikkar. Her saman med Andreas Rørvik (t.h) og Jan Erik Aase i Naustdalsbygg der han jobbar som lærling. Foto: Sissel Iren Skjerdal

Døve sine utdanningsrettar

  • Retten til teiknspråktolk etter behov betyr at døve kan ta den utdanninga dei har interesse og anlegg for etter vidaregåande skule.

– Læraren min meinte at eg ikkje kunne bli snikkar fordi eg er døv, seier Gøran Hovland. (21). No beviser han at det går med rette innstillinga.

- Treng ikkje høyre for å byggje hus

Frå han var liten, har ikkje Hovland (21) frå Flekke kunne høyre. Han bestemte seg likevel tidleg for at han ikkje ville la det stogge han i nå draumeyrket.

– Du treng ikkje kunne høyre for å byggje hus, seier Gøran Hovland engasjert gjennom døvetolken Astrid Steindal. Ho låner vekk øyre og stemme til Hovland under læretida hjå Norgeshus Naustdal Bygg AS.

Beviser at det går

Under utdanninga opplevde Hovland at ein lærar på døveskulen i Bergen meinte at han ikkje kunne verte snikkar fordi han ikkje høyrde.

– Dei sa det var for farleg, og at det ikkje gjekk. Men eg beviser det motsette. Dette går fint, seier Hovland og smiler.

– Eg har fått god kontakt med dei andre, og kan lese ein del på leppene, seier Hovland, som synest at dei andre arbeidarane i firmaet er flinke til å bruke eit tydeleg kroppsspråk.

Utfordrande, men kjekt

Ved Norgeshus Naustdal Bygg AS var dei ikkje i tvil om å ta imot Gøran Hovland som lærling.

– Eit handikap skal ikkje vere til hinder viss ein elev ønskjer å verte tømrar. Vi kan få handikap sjølve, seier Jan Erik Aase i Naustdal Bygg.

– Han er ein tøffing, seier Aase, medan rettleiar Anders Røyrvik nikkar.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.