...
Ludvig Eikaas vert gravlagd i Oslo. Arkivfoto: Arne Stubhaug

Vert gravlagd i Oslo

- Uproblematisk, meiner Jølster-ordføraren

Svein Heggheim
Svein Heggheim Profil E-post
Publisert 07.09.2010 kl 15:20 Oppdatert 07.09.2010 kl 15:43

Tips ein venn på e-post:


– Ludvig Eikaas har skapt begeistring, men aller mest hovudristing. Jølster vart nok litt for trongt både for mennesket og kunstnaren. Men han var ein stor kunstnar, og eit stort menneske, seier Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal.

Gravlagd i Oslo

- Familien opplyser at Eikaas blir gravlagd i Oslo. Kommentar?

– Det bestemmer familien, og eg synest det er naturleg. Kona hans er gravlagd der, og han budde den største delen av livet i Oslo, seier Dvergsdal.

– Ludvig levde mens han levde på den måten at han var veldig til stades. Og gjennom sin kunst ruska han oss ut av ei førestelling om at kunst skal vere kjent og kjært. Ludvig kom med nye strekar, nye teknikkar og nye komposisjonar. Mange forstod ikkje at dette var kunst. Og nettopp det er det som er så fortreffeleg med kunst, seier Dvergsdal.

På nivå med Nikolai Astrup

Ho er glad for at fylket og kommunen klarte å innfri hans vilkår for at han skulle gje gåva til heimkommunen: At det måtte etablerast eit eige galleri.

Dvergsdal meiner han held eit kunstnarleg nivå på linje med Nikolai Astrup.

Les også:

– Men ein må ikkje setje dei opp mot kvarandre. Dei er store på kvar sin måte, Astrup måla frå bygda han levde i. Eikaas er prega av at byen var hans arena.

Mest lese no

...

Stengde hotell på dagen

Nyhende Branntilsynet: – Sjeldan at vi krev stenging på dagen. Les meir

...

Sogndal tok sigeren

Fotball Spelte treningskamp mot Fyllingsdalen klokka 14.00. Les meir

...

Rektor melder politiet

Nyhende Meiner dei har brukt for lang tid i etterforskinga. Les meir

...

Trugar staten med rettssak

Nyhende 420 kV-linja kom som ei bombe på innbyggjarar. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.