– Vi har aldri sett noko liknande før.
Under ein spasertur langs Jølstra på Brulandsvellene i Førde i august, kom Bjørnar og mor hans Bente Stensaker over ei stor åme.
Krypet låg på ein grusveg ved ei fylling frå ein gard.
– Den var langt ifrå vanskeleg å få auge på, for den var verkeleg svær! fortel 13- åringen Bjørnar-
Mobilen hans er om lag 9.–10. cm lang, og ifølgje dei to var åma like lang.
Les også:
Bjørnar og Bente fortel at åma var veldig fargerik med skarp gul og raud farge.
– Vi har aldri sett noko liknande før. Nokon av Firda sine lesarar som har kjennskap til kva dette «monsteret» kan vere?, spør Bente og Bjørnar Stensaker.