Bonde må betale 20.000 i bot. Dette får politikarar til å sjå raudt
For to år sidan skaut bonde Johan Berge ein jerv som han hevda var på veg å angripe saueflokken sin.
Bonden blei bøtelagt, men saka kom i Fjordane tingrett nyleg fordi Berge nekta å betale bota.
Han viste til nødvergsretten, noko som blei eit sentralt punkt då saka nyleg var oppe i Fjordane tingrett. Men her blei Berge dømd og blei ilagt 20.000 kroner i bot og 15.000 kroner i sakskostnader for hendinga.
Les også:
Saka har fått Høgre-politikar Elisabeth Røbekk Nørve til å reagere, og ho tek no saka opp med spørsmål til miljøvernminister Erik Solheim.
Høgre-politikaren vil stille Solheim dette spørsmålet:
– Er statsråden einig i domstolen si forståing av nødvergsretten, og meiner statsråden at Johan Berge har fått ei rimeleg behandling?
Ifølgje Sunnmørsposten viser politikaren til at det er meir jerv i landet enn det skal vere og at Berge truleg ville fått løyve til å skyte jerven uansett.
Då skyteepisoden skjedde, hadde bonden inne ein søknad hos Fylkesmannen om å få felle ein jerv.
Røbekk Nørve etterlyser meir balanse i slike saker og meiner det er grenser for kor lenge bønder vil drive på når jerven forsyner seg frå saueflokkane.