Samrøystes vald på medlemsmøtet.
Flora Høgre har plassert Bjørn Hollevik øvst på sitt framlegg til partiets fylkestingsliste.
– For meg er det ekstra gledeleg at valet var samrøystes, og at eg har eit samla lokallag i ryggen, seier Hollevik i ein kommentar til firda.no.
Heit kandidat
Hollevik var på førehand spådd som ein heit kandidat til å toppe Høgre-lista ved neste fylkesval, og namnet hans er trekt fram av fleire av lokallaga i Sogn og Fjordane Høgre.
Men valet av Hollevik i Flora viser at også hans eige lokallag, det største Høgre-laget i fylket, kan vere i ferd med å samle seg, etter at det dei siste åra har vore prega av opprivande personkonfliktar og fraksjonsverksemd.
Full oppslutnad
– Det er derfor ekstra gledeleg for meg at eg fekk full oppslutnad frå lokallaget. No må vi leggje striden bak oss og sjå framover mot valet seier Hollevik, som rosar Bengt Solheim-Olsen, som tok over som leiar i lokallaget på årsmøtet i januar.
– Bengt har vist seg som ein samlande person med diplomatiske evner, og akkurat den mannen vi treng for å gå vidare i samla flokk, seier Hollevik.
Lista
Bak Hollevik har Flora Høgre plassert Olin Johanne Henden, Gloppen, Ole Gunnar Krakhellen, Solund, Frida Melvær, Askvoll, Harald Kvame, Naustdal og på sjetteplass nok ein kandidat frå Flora, Jacob Nødseth frå Unge Høgre.
På lista følgjer deretter Stine Sandvik, Unge Høgre, Oddvin Hansen, Berit Seljeseth Osa, Steinar Talle, Rolf Domstein, Bjørn Nordberg og Liv Stave.