...
Dronning Sonja kasta glans også over årets festival. Foto: Bent Are Iversen

Ønskjer Dronning Sonja med vidare som beskyttar

Har gjeve ein ekstra positiv dimensjon for regionen

Publisert 04.09.2010 kl 17:49 Oppdatert 04.09.2010 kl 17:49

Tips ein venn på e-post:


Førde Internasjonale Folkemusikkfestival søkjer Det Kongeleg Hoff om fortsatt kongeleg beskyttarskap for festivalen.

- Å ha HM Dronning Sonja som høg beskyttar for festivalen har gjeve ein ekstra positiv dimensjon for regionen vår og for publikum, musikarar og presse som besøkjer festivalen, skriv styreleiar Kristin Hille Valla og direktør Hilde Bjørkum i søknaden.

24 delegatar

- Ikkje minst i høve til alle dei utanlandske musikarane og presse- og bransjedelegatane som vitjar bestivalen, er det å ha HM Sonja som høg beskyttar, ein viktig og positiv faktor. Dette året besøkte 24 utanlandske presse- og bransjedelgatar frå 14 land festivalen, skriv dei.

Festivalen er den største på folkemusikk i Skandinavia. Sidan den første festivalen vart arrangert i 1990, har meir enn 4000 musikarar og dansar frå over 100 ulike land gitt festivalpublikum minnerike opplevingar.

Ære og glede

Dei siste åra har festivalen lagt stor vekt på å få fram nye musikk. og sceneproduksjonar, ikkje minst for born og unge. Mange av desse har levd vidare og blitt presenterte både i inn- og utland i etterkant, opplyser Valla og Bjørkum.

- Det ville vere ei stor glede og ære for oss om HM Dronning Sonja ville halde fram som Førdefestivalen sin høge beskyttar også dei komande åra, avsluttar dei to i søknaden.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.