Oddekalv kjem til fylket for å kjempe mot oppdrettsanlegg
Kurt Oddekalv, leiar i Norges Miljøvernforbund kjem til Sogn og Fjordane. Og her har han ei klar kampsak.
– Målet er å informere både politikarar og befolkninga om oppdrettarane si planlagde forflytting frå Hardangerfjorden til Sognefjorden, seier Oddekalv i ei pressemelding.
Oddekalv vil også ta for seg årsaka og resultata av ei slik flytting.
Les også: Nei til landoppdrett
– Austevollingane sin planlagde invasjon av Sognefjorden med 14 oppdrettsanlegg må bli stoppa. Møkka frå éin av desse svarar til avføringa frå 70 000 stk. 90 kilos slaktegris, hevdar Oddekalv i ei pressemelding.
Han viser til samanlikning at Hardangerfjorden tidlegare var ein frisk fjord med store mengde fisk både sjøfisk og laks/sjøaure i store mengder.
– No er fjorden øydelagt av fiskeskit, fôroverskot, lakselus og rømt oppdrettsfisk, så no flyttar oppdrettarane. Dei har sett seg ut Sognefjorden som sitt nye søppelspann. Vi ønskjer Sognefjorden tom for oppdrett og anlegga rundt, hevdar Oddekalv i pressemeldinga.
Miljøvernforbundet har fleire krav til oppdrettsnæringa: dei vil ha dei inn i tette, flytande anlegg med pumping av vatn frå 50 meters djup for å unngå lus/fiskesjukdommar, og full oppsamling av all møkk.