Sogn og Fjordane på verstingliste
Sogn og Fjordane har klart størst vekst i arbeidsløysa siste året, med 16 prosent. På landsnivå er arbeidsløysa uendra, og mange fylke har redusert arbeidsløyse.
1324 utan arbeid
– Fleire permitterte og færre personar i tiltak forklarar ein god del av auken i Sogn og Fjordane, seier direktør Tore Thorsnes ved NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.
Ved utgangen av august er 1324 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid, noko som står for 2,4 prosent av arbeidsstyrken.
Men Sogn og Fjordane er framleis blant dei fylka som har lågast arbeidsløyse. Berre Oppland og Rogaland har lågare arbeidsløyse. På landsnivå er arbeidsløysa 2,9 prosent.
Størst auke i Hyllestad og Årdal
Ti av kommunane har ein reduksjon i arbeidsløysa samanlikna med august i fjor. Solund og Balestrand har størst reduksjon med høvesvis 44 prosent og 42 prosent, melder Nav i pressemeldinga.
Arbeidsløysa har auka mest i Hyllestad og Årdal. I desse kommunane er arbeidsløysa meir enn dobla frå august i fjor. Flora med 4,8 prosent og Høyanger med 4,6 prosent, har framleis høgast arbeidsløyse i fylket.
Samanlikna med august i fjor har arbeidsløysa auka mest i kategoriane butikk- og salsarbeid og bygg og anlegg, begge med ein auke på 33 prosent.
Fleire permitterte
247 av dei heilt ledige i fylket er permitterte, ein auke på 47 prosent frå august i fjor. 89 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien.