...
Ap- politikar Venke Nordeide kom med klar tale under folkemøtet i Askvoll. Dei vil ha noko tilbake frå gruveselskapet om dei seier ja til gruvedrift. Foto: Karin Flølo

Krev bru av gruveselskapet

Karin Flølo
Karin Flølo Profil E-post
Publisert 03.09.2010 kl 08:19 Oppdatert 03.09.2010 kl 10:38

Tips ein venn på e-post:


Skal askvollingane vurdere å støtte Nordic Mining sitt gruveprosjekt i Engebøfjellet, skal det krevjast noko tilbake.

Vil ikkje bestemme seg enno

Det var Ap-politikar Venke Nordeide klar på under Askvoll-folkemøte om det store gruveprosjektet onsdag kveld. Ho sa direkte til Nordic Mining-sjef Ivar Fossum:

– La oss sjå ein finansieringsplan for ålesundsbrua før vi bestemmer oss.

– No har vi sjansen

Sjølv om Nordeide ikkje fekk noko brulovnad på møtet, håpar ho at Fossum bringar beskjeden over til aksjonærane sine.

– Det er no vi har sjansen til å få brua, sa Ap-politikaren.

– Vi er positive til alle innspel, men første prioritet er å skape lønnsam næring, svarte Fossum.

Brua over Ålesundet skal binde Naustdal og Askvoll kommunar saman. Sundet ligg nært Kvammen i Askvoll og Russenes i Naustdal.

Folkemøte

Folkemøtet vart halde på Gjelsvik skule i Kvammen. Det var sjødeponiet som vekte mest skepsis.

– Eg er oppteken av arbeidsplassane. Det er fordelar og ulemper ved alt, sa Arne Håkon Grytten (22).

Systera, Kathrine Grytten (28), er skeptisk. Ho synest prosjektet vart framstilt noko roseraudt då dei hadde folkemøte for eitt år sidan.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.