To til sjukehus etter kollisjon på E39.
Det har skjedd ei trafikkulykke på E39 ved Myrmel i Gaular der ein personbil og ein motorsykkel med to personar er involvert.
Firda får opplyst på ulykkesstaden av politi at det er snakk om små personskade.
Det er, ifølgje politiet, dei to på motorsykkel som vart skadde, og dei vert sendt til sjukehus.
Begge køyretøya skal ha køyrt i samme retning.
Saka skal etterforskast av Førde- og Naustdal lensmanskontor.
Både brann, politi og ambulanse rykte ut til staden. Ulykka skjedde klokka 18.10 torsdag.