Dronning Sonja vitjar Sogn i dag
Sogningane har i dag fått besøk av dronning Sonja.
Dronninga skal vere med under markeringa av at den omfattande restaureringa av Urnes stavkyrkje er ferdig.
Besøket er også eit offisielt besøk til Luster.
Men det er ikkje første gong Sonja er i Urnes stavkyrkje, ho er nemleg Fortidsminneforeningens høge beskyttar.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og riksantikvar Jørn Holme er også til stades under besøket.
Under markeringa i stavkyrkja vil fungerande biskop i Bjørgvin, Jan Otto Myrseth, halde gudsteneste for inviterte gjester. På programmet står også folkemusikk med lokale utøvarar, lunsj på Urnes Gard og eit føredrag om dei gamle handverksteknikkane som vart brukte under restaureringsarbeidet.