72- åringen får morgonkosen øydelagt av «ditta engelske styret»
Kanutte Alsaker (72) frå Alsaker på Nordfjordeid er lei av at NRK P1 spelar alt for mykje engelsk musikk og poplåtar.
«Kattemusikk»
Dette meiner ho er «kattemusikk» og ho synest P1 kan la vere «ditta engelske styret»
Spesielt er det morgonandakta Kanutte har sterke meiningar om.
Med engelske songar er det vanskeleg for ho sjølv og andre eldre som ikkje lærte seg engelsk på folkeskulen, å få med seg songteksten.
– Svært mange av dei som høyrer på andakta, er eldre folk. Og når det finst så mykje fin norsk musikk, kvifor kan dei då ikkje bruke norske songar og melodiar i tilknyting til andakta, seier ho i torsdagens Fjordabladet.
Vil berre ha norsk musikk
No ønskjer ho at det blir berre norske songar på NRK P1 mellom åtte og halv ni og ein roleg overgang for å fordøye innhaldet i andakta.
Også bakgrunnsmusikken som er mellom velsigninga og Fader vår irriterer henne, dette er forstyrrande bakgrunnsmusikk, synest Kanutte.
Pensjonistane vil ha eigen radiokanal
– Du treng ikkje å vere spesielt religiøs for å setje pris på andakta og norsk song og musikk. Ungdommane som likar hip hop sit ikkje og høyrer på radio på den tida, meiner Kanutte som synest det heile er manglande respekt overfor dei eldre.
Også pensjonistlaget i fylket har engasjert seg i saka og vil no få oppretta ein radiokanal for eldre.
NRK: - Vil ha meir romslege eldre
NRK svarar Kanutte med at dei ønskjer variasjon.
– Eg skjønner at dei eldre kan bli skuffa, og det er fint at dei engasjerer seg, men eg hadde ønskt at også dei eldre kunne vere litt meir romslege, seier Helge Gudmundsen i NRK Trondheim som er prosjektansvarleg for morgonandakt, til Fjordabladet.