No har biskopen gitt sitt ja til ny vigselsplass
Kvernsteinsparken i Hyllestad er no godkjent av biskopen i Bjørgvin som ein kyrkjeleg vigselsplass.
Håper på mange brudepar
Årsaka er at det skal reisast ein nyhoggen steinkross og at soknerådet i Hyllestad meiner staden eignar seg for utandørs vigslar.
– For Hyllestad er dette den første plassen utanom kyrkjebygga som er godkjent til vigsler, fortel Rune Ziener, kyrkjeverje i Hyllestad i ei pressemelding.
– Vi ser på dette som eit positivt løft for kulturparken, og håper folk no ønskjer å ta i bruk parken som vigselsplass, melder Ziener.
Kvernsteinsparken er ein kulturpark som er etablert ved eit av Hyllestad sine gamle hogstfelt for kvernstein.
Avdukar steinkross
Årsaka til at parkområdet blir godkjent, sjølv om det ikkje har gamle tradisjonar som kyrkje- eller gudstenestestad, er at det er ein historisk stad.
Plassen har band til steinkrossane som vart reiste i samband med kristninga av landet.
Avdukinga av den nyoppførte steinkrossen som 9. og 10.- klasse ved Hyllestad skule har laga, blir avduka i Kvernsteinsparken 12. september.
Her kan du gifte deg utandørs
Indre Sogn: Aurdalen kyrkjegard på Østerbø i Vangen sokn i Aurland prestegjeld.
Tungestølen på Veitastrond i Hafslo sokn i Luster.
Ytre Sogn: Gulatinget på Flolid i Gulen sokn i Gulen prestegjeld.
Skjerjehamn - Amfiet ved kongestatuen i Mjømna sokn i Gulen.
Utvær kyrkjestad i Solund sokn i Solund prestegjeld.
Kvernsteinsparken, Hyllestad
Sunnfjord: Steinkrossen i Korssund i Dale sokn i Fjaler prestegjeld.
St. Olavskrossen på Svanøy i Kinn sokn i Kinn prestegjeld.
Nordfjord: Selje kloster i Selje sokn i Selje prestegjeld.