Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
Kassai horseback archery 1

Video: Sissel Iren Skjerdal

Trefte blinken frå hesteryggen

Sjå dei fartsfylte videoane frå då glopparen Arnt-Johnny Alme og kjærasten Stine Kvamme opna landets første Kassai-bane i helga.

Sissel Iren Skjerdal
Sissel Iren Skjerdal Profil E-post
Publisert 31.08.2010 kl 15:18 Oppdatert 01.09.2010 kl 08:23

Tips ein venn på e-post:

Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
Kassai Horseback Archery 3

Video: Sissel Iren Skjerdal

Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
Kassai Horseback Archery 2

Video: Sissel Iren Skjerdal

...
Noko av det mest krevjande med kassai horseback archery, er at utøvaren må konsentrere seg om mykje samtidig. Frå midja og ned må ein konsentrere seg om å styre hesten, medan overkroppen må ha fokuset på balanse og skyting. Arnt-Johnny Alme meistrar begge deler. Foto: Sissel Iren Skjerdal

Fartsfylt bogeskyting

...

Treffsikre bogeskyttarar og eit forrykande hesteshow var noko av det publikum fekk sjå då Arnt-Johnny Alme og Stine Kvamme opna landets einaste Kassai-bane.

Sjå biletserie

Dette er kassai horseback archery:

  • Ein bogeskyttarsport til hest, der kontakt mellom hest og ryttar er viktig
  • Er utvikla av ungararen Lajos Kassai, men har røter langt tilbake i tid.
  • Er ein veksande sport i Europa.
  • Skyttaren har tjue sekund på å treffe blinken, og får poeng rekna etter kor godt han treff.
  • Kvar deltakar skal gjennomføre 12 galoppar. Tre av desse er oppvarming, medan ni er teljande i konkurransen. Den med flest poeng totalt, vinn.

Laurdag heldt Arnt-Johnny Alme og kjærasten Stine Kvamme open gard i Jarbu på Sandane. I tillegg til dyktige bogeskyttarar og eit forrykande hesteshow, fekk dei vel hundre frammøtte også sjå opninga av den einaste Kassai-bana i sitt slag her i landet.

Byggjehjelp frå Ungarn

– Vi har hatt besøk av to brør frå Ungarn, Daniel og Zsolt Daróczi, som har hjelpt oss med å få laga bana slik at den stettar måla til Kassai Kansag, fortel Alme om den 99 meter lange bana som ryttarane brukar når dei i dundrande galopp skal skyte tre til tolv piler mot ein roterande blink på under 20 sekund.

– Det er viktig at bana er heilt i vater. Difor har vi både lagt inn drensrøyr og nytta laser i arbeidet, seier Alme, og fortel at medlemene av bogeklubben har brukt ledige kveldar og helgar i halvanna månad for å verte ferdig med bana til showet på laurdag.

– Det som har kosta mest er tida, seier Alme.

– Det har vore eit hardt arbeid å byggje bana, men no er den klar og den er like god som banene i Ungarn, seier Zsolt Dároczi, som gjerne kjem att til Gloppen for å konkurrere på internasjonalt nivå.

Håper på internasjonale tevlingar

– Det at vi har fått til denne bana, betyr mykje for oss som klubb. Planen til neste år er at vi skal halde ein internasjonal konkurranse, fortel Alme, som håper å trekkje til seg utøvarar frå Canada, Austerrike og Ungarn til New Zealand.

Med bana i orden, er det berre ein ting som manglar;

– For å vere ein fullverdig klubb som kan delta i dei internasjonale kassaikonkurransane, må vi vere ti medlemer, seier Alme, som førebels manglar dei siste to.

Han håper likevel at dei skal komme i hamn med rekruttering og opptrening i god tid før sommaren.

Også medlemene i Kassai-klubben i Gloppen gler seg stort over at Alme har investert i den nye bana.

– Det at vi no får ei bane som vi kan trene på og bli gode i, har mykje å seie for oss som er medlem i klubben, seier Elling Hauge.

– Det blir kjekt å ta den nye bana i bruk, synest Elise Øygard (18).

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.