Inviterer einslege på tur i fjellet.
Turistforeininga arrangerer i neste veke singeltur i Jotunheimen for dei spreke.
Det er Den norske turistforening si avdeling i Oslo og omegn som inviterer single med på ein fem dagars tur frå onsdag.
Turen går frå hytte til hytte og startar på Sognefjellshytta. Deretter går turen ned til Skogdalsbøen og vidare gjennom Utladalen til Vettismorki og Hjelle.
– Turen er markert med fire støvlar, som betyr at dette er ein krevjande tur. Vi skal ha deltakarar som likar å vere på tur, seier turkonsulent Hilde Magnussen i Turistforeningen til Sogn Avis.
Ifølgje arrangøren er det enno nokre ledige plassar, og dei vil gjerne ha med single frå Sogn.