Ingen veit kor mange tusen som besøkte Sandanedagane i helga, men det var mange.
– Dette overgjekk alle forventningar. Eg er nesten heilt stum av responsen, men svært glad seier leiar i handelsgruppa i Gloppen næringsorganisasjon, Ellinor Vereide Støylen.
Laurdag var det «stinn brakke» i sentrum. Ho vågar ikkje å tippe kor mange tusen det var, men ho har fått klare tilbakemeldingar frå næringsdrivande om yrande liv og stor handel.
Også styreleiar for Sandanedagane, Aadne Gloppestad, er nøgd.
– Vi har tydeleg funne eit konsept folk likar, seier Gloppestad.
Fredag betale 500 billett for å sjå og høyre konserten med «Vassendgutane» og laurdag kveld var kultursalen i Trivselshagen fylt til siste stol då elleville Klypa slo til med sine hardbarka karakterar, «Pallen», «Kjellen» og «Strila-Petter.