...
Her ligg det første kunstverket som er laga til årets rundballefestival i Fjærland. Foto: Sigurd Løseth

Ser du kven han liknar på?

Første bonde-kunstverket er klart

Sigurd Løseth
Sigurd Løseth Profil E-post
Publisert 16.08.2010 kl 14:23 Oppdatert 16.08.2010 kl 14:23

Tips ein venn på e-post:


– Han blei tøffare enn eg hadde venta. Eg er veldig fornøgd, seier Knut B. Bøyum.

Omtalen gjeld skapningen som no ligg midt ute på ein bø på Bøyum i Fjærland. Eit oransje hovud som gliser med få, men feilfrie tenner i eit svart gap.

Barnleg dobbelt-kommunikasjon

«Gras Kar» heiter skulpturen, det første av venteleg ei heil rekkje kunstverk som Fjærlands-bøndene vil lage fram til rundballefestivalen.

Mannen bak «Gras Kar» er naturlegvis Knut P., men det er Mette Lunde Bøyum som har svinga målarkosten. Eller kjerringa som han konsekvent kalllar sin betre halvdel.

– Eg hadde inspirasjonen, men det er alltid utøvaren som er kunstnaren. Sjølv er eg fullstendig utan kunstnarlege evner, akkurat som Stig Eikaas. Eg har berre laga rundballen, seier Knut P.

Stod han modell?

Om han stått modell for sjølve kunstverket, er eit meir ope spørsmål.

– Det må du berre skrive, seier bonden som i går var mest opptatt med å balle gras i håslåtten.

Men han lovar at fleire kunstverk skal stå klar til festivalen.

Guida turar

Alle bøndene i Fjærland er oppfordra om å bidra med kunst til festivalen, då det blir guida turar så publikum skal få del i bondekunsten.

– Kjerringa og eg har eit par prosjekt til pågang, røpar han, utan å ville gå i detaljar.

– No har eg snakka nok med ein sunnfjording for i dag, legg han til.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.