...
Foto: Knut Magnussen

Frå USA for å heidre flypioner i Florø

Thor Solberg jr. la ned krans ved farens statue

Publisert 14.08.2010 kl 16:11 Oppdatert 14.08.2010 kl 19:20

Tips ein venn på e-post:


Thor Solberg jr. hadde teke turen frå USA for å delta i markeringa av faren si historiske flybragd.
Thor Solberg jr. hadde teke turen frå USA for å delta i markeringa av faren si historiske flybragd. Foto: Knut Magnussen

– Det er stort for meg å komme hit og vere med på å heidre far min, sa Thor Solberg jr. som hadde teke turen frå USA til Florø for å delta i 75-årsjubileet for faren sin flybragd.

Måndag 16. august er det nøyaktig 75 år sidan Thor Solberg landa i Norge, etter å ha flydd over Atlanteren frå USA via Grønland.

I heimbyen Florø vart turen markert laurdag med ei samling ved Solberg-statuen som rotaryklubben fekk reist ved Florø lufthamn i 1986.

Kransar

Mathias Krogh, som i si tid sat i nemnda som fekk reist statuen av Solberg, la ned blomster på vegner av Rotary, og ordførar Bente Steindal la ned blomster frå Flora kommune, medan Thor Solberg jr. la ned krans frå slekta.

Familie, venner, folk frå kommune, historielag og Rotary var til stades under samlinga ved flyplassen.

Film frå ferda

Det vart også vist ein film frå den historiske flyferda som Solberg gjennomførte, filma av han sjølv undervegs.

Denne filmen hadde sonen Thor Solberg jr. med seg til Florø.

Lokalhistorikar Bjarte Sindre har elles laga ei utstilling om Thor Solberg, som dei frammøtte fekk sjå på samfunnshuset etter seremonien ved flyplassen. Sindre fortalde om flypioneren, som han karakteriserte som visjonær og målretta.

Markeringa av jubileet for den historiske flyferda, vart avslutta med båttur til staden der Solberg vart fødd og voks opp.

På framsida no


...

Discolaks og neon-Torsheim til folket

Vil sprite opp Festplassen med opplyst gangsti, discolaks, Torsheimstatue med neonskjerf, opplyste klatrestativ, karaoke og lysfontener.

Så steinspruten står

2000 kvadratmeter til Lavik og 25 000 kubikk til E39. Det er musikk for steinleverandøren.

Rydda med straum i kroppen

Mens elektriske støytar jaga gjennom kroppen, rydda Randi Espeseth i panikk for å berge dyrebare minne unna flaumen.