Bør ein kvotere inn gutar på sjukepleierstudiet?
Norsk Sykepleierforbund vil gi kjønnspoeng til gutar som vil bli sjukepleiarar. Men Kunnskapsdepartementet har ingen planar om å innføre dette.
– Norge er på jumboplass i europeisk samanheng når det gjeld delen mannlege sjukepleiarar. Vi er berre forbigått av Danmark. Kjønnspoeng vil ikkje løyse alle utfordringar når det gjeld mangel på menn i omsorgsyrke, men det vil vere eit skritt i riktig retning, sa Bård Nylund, studentleiar i Norsk Sykepleierforbund til Dagsavisen i vår.
– Kortvarig effekt
På vegner av Norsk Sykepleierforbund fremja han forslag om at mannlege
søkjarar til sjukepleiarstudia bør få ekstra kjønnspoeng, og fekk blant anna
støtte for dette frå Likestillings- og diskrimineringsombodet, skriv
Forskning.no.
Men i eit brev til Norsk Sykepleierforbund i sommar skriv Kunnskapsdepartementet at det ikkje ligg føre konkrete forslag om å innføre tilleggspoeng for menn til sjukepleiarutdanning no.
Statssekretær Kyrre Lekve (SV) i Kunnskapsdepartementet understrekar at departementet ikkje er prinsipielt avvisande til tilleggspoeng for menn på sjukepleiarutdanninga, men at dette må bli gjort i samanheng med andre tiltak.
– Erfaringsmessig har kjønnspoenga ein kortvarig effekt. Derfor meiner vi at dette tiltaket må bli sett i samanheng med andre tiltak for å auke delen av det underrepresenterte kjønn ved enkelte utdanningar, seier han. (©NPK)
Kva tykkjer du om forslaget frå Norsk Sykepleierforbund? Bør ein gi gutar ekstrapoeng for å få fleire av dei inn i sjukepleieryrket?