Har vore bjørn i området før. Naturoppsynet ber om tips frå publikum.
Tysdag kveld fekk Statens naturoppsyn melding om at ein sportsfiskar hadde gjort ein sikker observasjon av ein bjørn ved Krokstadvatnet i Hyen like ved grensa til Flora kommune.
Dei ber folk om å rapportere eventuelle funn av kadaver, spor eller ekskrement som kan stamme frå bjørn i området. Det skriv Firda Tidend.
Ønskjer rapportar
Regionansvarleg for rovvilt i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, bekreftar at
han fekk melding om bjørneobservasjon i området Sagefossen i Hyen seint
tysdag kveld.
Det skal ha vore gjort liknande observasjonar i Solheimsdalen i nærleiken for to–tre år sidan, og han utelukkar overfor Firda Tidend på ingen måte at observasjonane kan vere rette.
LES ÓG: 4.000 har sett Fjærlandsbjørnen
Statens naturoppsyn vil undersøkje observasjonsområdet nærare, og ønskjer rapportar frå publikum om eventuelle funn av sauekadaver, sporteikn eller ekskrement som kan stamme frå bjørn i det aktuelle området.