Éin kommune har ei dobling i arbeidsløysa sidan i fjor. Sjekk din kommune her!
I Sogn og Fjordane er det 308 fleire permitterte arbeidstakarar i juli i år, samanlikna med same månad i fjor. Ein auke på 16 prosent.
Av desse 308 jobba 128 i fiskeindustrien og 180 hovudsakleg i annan industri.
– Hovudårsaka til denne auken er at utfordringane til den konkurranseutsette industrien, som Sogn og Fjordane har mykje av, enno ikkje er over, fortel direktør i NAV Tore Thorsnes i ei pressemelding.
Lågt i landssamanheng
1363 personar i fylket er er no heilt utan arbeid. Dette utgjer 2,4 prosent
av den total arbeidstyrken.
Dette er framleis eit lågt tal i landssamanheng, og det er berre Oppland og Rogaland, begge fylka med 2,2 prosent arbeidsledige, som har lågare arbeidsløyse enn Sogn og Fjordane.
Landssnittet er på 3,0 prosent.
– Vi vil styrke innsatsen for å snu utviklinga av arbeidsløysa utover hausten, skriv NAV i pressemeldinga.
Av tala ser ein at arbeidsløyseutviklinga er svært ulik i kommunane rundt om i fylket. Mange har mindre eller liten endring i tal arbeidsledige, men kommunar med mykje industriell produksjon har til dels svært negativ utvikling det siste året.
Dette gjeld særleg Flora (opp 81%), Årdal (opp 100%) og Stryn (opp 66%).