Spar fleire titals tusen når du kjøper ny bustad.
Er du på bustadjakt? Du kan spare eit femsifra beløp i året ved å ha omsyn til fleire forhold kring energibruken før du kjøper. Det skriv Enova i ei pressemelding.
- Den mest energieffektive einebustaden med energikarakter A og passivhusstandard, har eit årleg energiforbruk på under 79 kWh per kvadratmeter, medan ein typisk bustad frå 1970 kan liggje på meir enn 300 kWh, forklarar seniorrådgjevar Roar Hugens i Enova.
Han trekk fram eit eksempel med ein bustad på 150 kvadratmeter og ein straumpris på éi krone per kWh.
- Det gir årlege energiutgifter på 11.850 i den energieffektive bustaden, mot heile 45.000 kroner i den eldre bustaden, understrekar han.
Enova har dermed laga ti gode råd for deg som skal kjøpe ny bustad.
1) Sjekk energiattesten
Sidan 1. juli i år har det vore eit krav om at alle bustader som skal seljast
eller leigast ut skal ha ein energiattest og eit energimerke som inneheld
ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren viser kor
energieffektiv bustaden er, medan oppvarmingskarakteren viser kor stor del
av oppvarminga som kan dekkjast med andre energikjeldar enn elektrisitet,
olje og gass til oppvarming og varmtvatn.
Som kjøpar bør du spørre etter bustadens energiattest og vurdere korleis bustadens energitilstand påverkar løpande utgifter. Sjekk også kor mykje energi som faktisk er brukt siste år, dersom det ikkje er oppgitt i energiattesten.
2) Varmesystemet
Finst det alternative oppvarmingskjelder, eller er bustaden avhengig av berre
straum til oppvarming? Straum er gjerne dyrast når det er kaldt, og då kan
det vere fint å ha alternative måtar å varme bustaden på. Ved, trepellets
eller varmepumpe er miljøvennlege alternativ og reduserer fyringsutgiftene.
3) Luftlekkasjar
Grunna luftlekkasjar taper norske bustader grovt rekna 3,7 milliardar kroner i
straumutgifter kvart år. Ein tettleikskontroll kan avsløre om huset har
store lekkasjar.
4) Isolasjon
Kva er isolasjonsstandarden i gulv, vegg, vindu og tak? Oppvarming kan stå for
60 prosent eller meir av energiutgiftene. Godt isolerte hus treng mindre
oppvarming.
5) Vindauge
Vindauga kan stå for 40 prosent av varmetapet via ytterflatene i ein bustad.
Sjekk om vindauga er skifta ut nyleg og om jobben er gjort etter
forskriftene. Sjekk óg at det ikkje er luftlekkasjar kring vindauga, og be
om faktura på jobben.
6) Ventilasjon
Er det mogleg å installere balansert ventilasjon med ein god varmegjenvinnar?
I eit godt isolert hus er det viktig at lufta ofte vert bytta ut utan at
varmen blir trekt ut.
7) Varmestyring
Er oppvarmingssystemet utstyrt med termostatar med dag- og nattsenking? Det er
ingen grunn til at bustaden skal halde ein jamn temperatur gjennom heile
døgnet. Eit godt styringssystem senkjer temperaturen når folk søv og når
bustaden ellers ikkje er i bruk, til dømes på dagtid.
8) Fyringsutgifter
Kva er det årlege straum- og energiforbruket til bustaden? Om forbruket er
svært høgt får du samtidig ein indikasjon på dårleg isolasjon og
luftlekkasjar.
9) Vedfyring
Ved er ei miljøvennleg oppvarmingskjelde og ein tryggleik ved straumbrydd.
Vedprisen er forholdsvis stabil og gir deg forutsigbare fyringsutgifter.
10) Varmtvannstank
Er den stor nok for heile familien? Er den av eldre dato? Nye varmtvannstankar
er betre isolerte og har dermed eit mindre varmetap. Du kan trygd redusere
temperaturen på vatnet i tanken til 65 grader og spare straum på det, men
ikkje lågare grunna risikoen for legionellabakteriar.