Og har i tillegg rike naboar? Då bør du passe på.
– Dei uføretrygda kjenner seg mislukka i forhold til naboane sine i rike nabolag og døyr difor før, seier professor i sosialmedisin Bjørgulf Claussen til NRK Hordaland.
Han fortel at dei har mykje forsking som tyder på at folk si helse vert påverka av det nabolaget ein bur i.
Økt dødsrisiko
Forskar og professor Jon Ivar Elvestad har ved hjelp av statistikk om uføre og
dødsfall funne ut at uføre som har naboar med høg inntekt har høgare risiko
for å døy enn uføretrygda som har naboar med same inntektsnivå som dei
sjølve.
– Å vere uføretrygda og ha låg inntekt i eit velståande strøk, kan opplevast som stigmatiserande og som at ein skil seg ut frå nabolaget. Det kan auke risikoen for å verte sjuk, og auke risikoen for å døy, seier han til NRK Hordaland.
Helsepolitikar på Stortinget, Kjersti Toppe, meiner det må setjast i gang tiltak på fleire område for å minske sosiale forskjellar.
– Det er eit type forskjellssamfunn som eg trur vi ikkje likar å erkjenne at vi faktisk har, seier ho og peikar på at eit godt helsebudsjett ikkje eine og aleine er godt nok for å sikre ei god folkehelse. (©NPK)