No vandrar den vidare til Kaupanger. Kva tykkjer du om bjørneutstillinga?
|
Øyvind Løseth Elvetun
E-post
|
|
| Publisert 29.07.2010 kl 11:55 Oppdatert 29.07.2010 kl 14:41 |
Onsdag vandra den utstoppa bjørnen som vart skoten i Fjærland i 2008 vidare til De Heiberske Samlinger på Kaupanger, etter å ha vore på utstillinga "Me har skote bjørnen" ved Sunnfjord Museum i Førde sidan april i år.
Den skulle eigentleg vore på museet fram til 31. juli, men på grunn av ei mistyding måtte han fraktast vidare til Kaupanger litt før tida.
Populært
- Vi beklagar at den måtte dra litt før tida, men elles er det i samsvar med
planen at denne skal vandre rundt på ulike museum i fylket, fortel
formidlingsleiar for Sunnfjord Museum, Oddbjørg Hjelmeland.
Ho fortel at "Me har skote bjørnen" har vore ei populær utstilling.
- 4.000 har besøkt museet i sommar, i tillegg til 800 skuleelevar og barnehageungar i vår.
Kva tykkjer du om bjørneutstillinga? Kommentarfeltet er ope!
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt