...
Foto: Arne Stubhaug

Vil betale for norsk mat

Er du villig til å betale meir for maten for å oppretthalde norsk landbruk?

Øyvind Løseth Elvetun E-post
Publisert 26.07.2010 kl 12:48 Oppdatert 26.07.2010 kl 13:44

Tips ein venn på e-post:


Eit distriktsbarometer publisert av Nationen viser at 36 prosent er villige til å betale meir for maten dersom det er nødvendig for å oppretthalde norsk landbruk.

Det er ein svak auke i forhold til i fjor, og gruppa som ikkje er villige til å betale meir er i same periode redusert til 17 frå 26 prosent. Nesten halvparten av dei spurte er verken samde eller usamde i at dei er villige til å betale meir.

Viktig næring
Henrik Solbu er konstituert administrerande direktør i Stiftelsen KSL Matmerk, og har som føremål å skape preferanse for norskprodusert mat. Han meiner det er mange gode grunnar til å kjøpe norsk mat heller enn å kun sjå på pris.

- Vi har ein matproduksjon i Norge, og den ønskjer vi å oppretthalde. Det er ei viktig næring, og det er viktig at dei norske forbrukarane kjøper den norske maten, seier han til Nationen.

Solbu påpeikar at omsetning av norsk mat også har positive ringverknader.

- Vi har ein spreidd matproduksjon, som igjen bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet. Det er viktig også for andre næringar, slik som turisme, seier han, og legg til at norsk mat også har høg objektiv kvalitet.

Finanskrisa
Årsakene til at folk er meir positive til å betale meir for maten dersom det er nødvendig for å oppretthalde norsk landbruk ønskjer Solbu ikkje å spekulere så mykje i, men han trur det kan vere ein kombinasjon av økonomi og marknadsføring.

- No som verknadene av finanskrisa forsvinn, er det kanskje fleire som er villige til å betale meir. Det kan og vere at ein del marknadsføring, slik som Nyt Norge kan ha påverka forbrukarane. Det er uansett positivt at det er ei forbetring, seier Solbu.

Er du villig til å betale meir for maten for å oppretthalde norsk landbruk? Diskuter i kommentarfeltet.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.