...
NÆR GRENSA: - Om det med ein felles båt med Solund tek lenger tid å få hjelp til akutte situasjonar, så er det på grensene til det vi kan akseptere, seier Frank Hatlø, leiar i Bulandet grendelag, om den uvisse framtida til ambulansebåten MB "Askvoll." Foto: Ingunn Osland

Vurderer å kutte ambulansebåt

Askvoll og Solund kan måtte dele same båt om natta. Kva tykkjer du om forslaget?

Marie S. Osland E-post
Publisert 23.07.2010 kl 09:30 Oppdatert 23.07.2010 kl 10:39

Tips ein venn på e-post:


I samband med opsjon på nytt oppdrag for ambulansebåtane, vurderer Helse Førde å slå saman båtane i Askvoll og Solund.

Det opplyser ordførar i Askvoll kommune, Aud Kari Steinsland.

Utfordringar
- Eg fekk høyre nokre rykte og tok difor kontakt med ambulansesjef i Førde, Stian Sægrov, fortel Steinsland.

Ho seier at Sægrov bekrefta at det har vore eit møte mellom operatøren for ambulansebåten i Askvoll og Helse Førde i samband med nytt oppdrag.

- Det vart der diskutert løysingar for utfordringar på natt, og om ein skal nytte ein eller to båtar for Solund og Askvoll, seier ordføraren.

Ifølgje Steinsland skal Sægrov ha invitert seg til Askvoll etter ferien for å diskutere saka med kommunen.

- Vi har absolutt ein part i denne saka, og utgangspunktet vårt vil vere å behalde båten slik den er i dag, seier Steinsland.

Ho seier at kommunen er nøgd med dagens ordning.

Tryggleikskjensle
- Om ein felles båt vert innført, vil det ha noko å seie for tryggleikskjensla til dei som bur på øyane. Kor båten skal liggje, må i så tilfelle også diskuterast, fortel ordføraren.

Men ho understrekar at ingenting er avgjort enno.

- Skal dette bli ein realitet, må det dokumenterast at det nye tilbodet er akkurat like godt som det gamle, og så må dei få oss til å tru på det, seier Steinsland.

Leiar i Bulandet grendelag, Frank Hatlø, reagerer på at ambulansebåten i Askvoll kan bli vekke på nattestid.

- Dette blir eit dårlegare tilbod til oss, det er heilt klart. Om to akuttsituasjonar skulle skje på same tid, så betyr jo det at éin må vente, seier Hatlø.

Han meiner det er urettferdig at det er Bulandet og Værlandet som i første omgang skal ta støyten for dårleg økonomi.

På grensa
- Bulandet står for mesteparten av inntektene til kommunen, likevel mista vi første legevakta på natt, slik at vi må til Førde på kveldstid dersom noko skulle skje. Om det med ein felles båt med Solund tek lenger tid å få hjelp til akutte situasjonar, så det på grensene til det vi kan akseptere, seier Hatlø.

Han understrekar det dei kjem til å følgje opp forslaget nøye.

- Denne saka skal vi absolutt ha ein finger med i, avsluttar grendelagsleiaren.

Kva tykkjer du om forslaget? Kommentarfeltet er ope!

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.