...
Foto: Star-Tour

- Vi jobbar i ferien

Sju av ti norske arbeidstakarar er stort sett tilgjengelege for sin arbeidsgivar i ferien. Kva med deg? Er jobbtelefonen alltid på?

Øyvind Løseth Elvetun E-post
Publisert 19.07.2010 kl 11:07 Oppdatert 19.07.2010 kl 15:04

Tips ein venn på e-post:


- Dette viser at grensene mellom arbeid og fritid er flytande for mange. Vi legg vekt på å vere fleksible, og ønskjer å stille opp for vår arbeidsgivar. Dette er sjølvsagt veldig bra, men det stiller samtidig krav om at arbeidsgivarar er seg sitt leiaransvar bevisst, seier Knut Aarbakke, leiar i Akademikerne, i følgje ei pressemelding frå organisasjonen.

Tala stammar frå ei fersk undersøking som respons Analyse har gjennomført på oppdrag for Akademikerne.

Beskytte fritida
Aarbakke viser til tidlegare kjend forskning, mellom anna frå Statens Arbeidsmiljøinstitutt, som dokumenterer samanhengen mellom lange arbeidsdagar og sjukdom.

- Det er viktig å beskytte si fritid, ikkje minst av omsyn til eiga helse. Difor er det viktig at arbeidstakarar har moglegheiten til avkopling og til å hente seg inn att i feriane, seier han.

Han påpeikar at mange arbeidstakarar strekker seg langt for sin arbeidsgivar.

- Og det er flott. Men nokon strekker seg kanskje for langt, og det må leiarar vere bevisste på før dei tar ein telefon til ein tilsett som er på ferie, seier Aarbakke.

Undersøkinga viser nemleg at kvar tredje norske arbeidstakar blir kontakta minst éin gong i veka i løpet av ferien.

Kva med deg? Er jobbtelefonen alltid på i ferien? Diskuter i kommentarfeltet!

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.