...
HANE: Dersom ein slik hane dukkar opp langs vegen i sommar, vitnar den om at det er gardsmat eller bygdeturisme i nærleiken. Foto: Statens vegvesen

Veit du kva dette skiltet betyr?

Det vert stadig fleire av dei.

Øyvind Løseth Elvetun E-post
Publisert 12.07.2010 kl 10:37 Oppdatert 12.07.2010 kl 13:12

Tips ein venn på e-post:


Haneskiltet er eit offentleg vegskiltsymbol for gardsmat og bygdeturisme. Skiltet kom i 2005 og viser veg til overnattings- og serveringsstader, aktivitetar og gardsbutikkar.

Og i sommar vil du truleg sjå fleire vegskilt med det brune hanesymbolet på enn tidlegare.

– Vi er svært glade for at stadig fleire bedrifter søkjer og tar dette skiltsymbolet i bruk. God og effektiv skilting er ein viktig del av arbeidet med å gjere dei mange spennande bedriftene rundt om i Bygde-Noreg lettare tilgjengelege, seier styreleiar i Hanen Jan Tjosås til Norges Bondelag sine nettsider.

Bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske
Det er 136 verksemder i Bygde-Noreg som har løyve til å bruke skiltsymbolet med den brune hanen. Organisasjonen Hanen organiserer bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg, og er dei som godkjenner kva for bedrifter som kan bruke det offentlege skiltsymbolet.

Meir informasjon om skiltinga med den brune hanen og om alle dei nærmare 500 hanemerkte bedriftene kan ein finne på www.hanen.no. (©NPK)

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.