Vil få i stand nytt kloster
Nonner i Hellas går no med planer om å grunnleggje ei nytt kloster.
Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin og Selje-ordførar Gunn Helgesen er positive til initiativet, så difor kan draumen til den norskfødde nonna Thavoria Gillebo gå i oppfylling.
I ti år har nonna tenkt på å få til eit kloster, noko som Selje-ordførar synest er svært flott.
– Det er både fantastisk og eksotisk om vi igjen kan få eit levande klosterliv på Selja, seier Helgesen til avisa Bergens Tidende.
Ho fortel til avisa at nonnene vil kjøpe ein gard og bu fast på øya.
Kor tid klosterbygget kan komme opp, er ikkje klargjort. Men eit brev frå biskop Norhaug til klosteret i Petra, kan bety gjennombrot for klosteret, håper Selje-ordføraren.