...
I sommar har du sjansen til å kome i nærkontakt med Trond Espen Seim, når innspelinga av "Dødens drabanter" tek til. Foto: Pressefoto

Veum til Sunnfjord

Treng statistar

Ida Bergitte Hundvebakke E-post
Publisert 18.06.2010 kl 10:41 Oppdatert 18.06.2010 kl 13:14

Tips ein venn på e-post:


Den 19. juli får Førde og Angedalen eit lite snev av hollywoodsk stemning over seg, når innspelinga av den nye Varg Veum-filmen ”Dødens drabanter” byrjar.

Judith Hegrenes på Hegrenes bruk i Angedalen, fortel ein kan vente seg celebert besøk.

- Trond Espen Seim skal jo som vanleg spele Varg Veum. Eitt nytt fjes i Veum-samanheng er Lene Nystrøm, også kjend som Aqua-Lene, som skal ha ei sentral rolle i filmen.

I tillegg vil det heilt sikkert dukke opp fleire kjende fjes både i små og store roller.

LES MEIR

Førde får Veum-filmen

Treng statistar

Det er ikkje berre kjendisar som skal få lov til å smykke filmlerretet når filmen har premiere. Sunnfjordingane får også moglegheiten til å prøve seg.

- Det trengst ei rekke ulike folk som statistar, og så langt er 33 plassar av 90 fylt opp, med andre ord, det er endå sjanse til å melde seg.

Hovudsakleg ser vi etter heilt vanlege folk, men vi treng også enkelte med meir kompetanse på ulike område.

Blant anna treng vi folk til å spele ei innsatsstryke. Vi oppfordrar skyttarlag til å melde seg, sjølv om det neppe vert behov for å losne skot undervegs, ler Hegrenes.

Unik oppleving

Livet som statist byr ikkje på ein feit lønnsslipp, dei fleste må jobbe gratis. Trass i dette, og at ein arbeidsdag vil bestå av venting, venting og meir venting, oppfordrar Hegrenes folk til å melde seg.

- Dette er ein sjanse ein aldri vil få igjen. Moglegheita til å få følgje ei filminnspeling på så nært hald er kjempespennande og verkeleg ei oppleving.

Eg brukar å seie til folk, at viss ein ikkje har bestilt opplevingsferie til sommaren, kan ein ta den her heime avsluttar ho.

Då er det berre å gripe sjansen, for alle med ein liten skodespelardraum i magen. Fristen for påmeldinga er 20.juni, og den er bindande.

Meir informasjon kan ein få på facebooksida ”Varg Veum-filminnspeling i Angedalen".

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.