...
Foto: Arne Stubhaug

Norge ikkje betre enn andre på dyrevelferd.

Fekk strykkarakter.

Publisert 17.06.2010 kl 12:19 Oppdatert 17.06.2010 kl 12:29

Tips ein venn på e-post:


I fjor fekk Noreg strykkarakter i dyrevelferd frå EU. Noreg er ikkje betre enn andre land, meiner veterinær.

– I rapporten frå EU gjekk kritikken både på transport til slakteri, dyrlegar som ikkje greip inn og utbrente bønder, seier Hanne Martine Stabursvik til Nationen.

Ho er veterinær med lang fartstid frå arbeid som inspektør og ekspert i dyrevelferdsspørsmål både i Noreg, EU og Latin-Amerika.

– Folk flest har eit nasjonalromantisk syn på dette med dyreetikk. Vi har høgverdige tankar om vår eigen matproduksjon, men sanninga er at vi ikkje er betre enn andre land, seier ho.

Ho meiner det er lenge sidan behovet til dyra var bestemmande og at det no er konkurranseprinsippet som gjeld.

– Maten skal framfor alt vere billig, og produsentane subsidierer konsumentane. Men billig er ikkje bra, seier Stabursvik. (©NPK)

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.