...
No får elevane på Hafstad vgs. skuleboka tilbake, noko elevane i 1D er glade for. T.V: Rakel Maria Wiken, Maria Hauge, Randi Bakketun, Åshild Østerbø Ulvedal, Kristian Kjøllesdal og Leonard Hope Hornnes. Arkivfoto Foto: Astrid Iren Solheim

No får dei skuleboka tilbake

Droppar satsing på digitale læreverk

Astrid Iren Solheim
Astrid Iren Solheim Profil E-post
Publisert 14.06.2010 kl 14:58 Oppdatert 14.06.2010 kl 14:58

Tips ein venn på e-post:


Hovudpine, konsentrasjonsvanskar og teknisk krøll: elevar på vidaregåande skular er misnøgde med dei digitale læremiddela. Men no skal dei få skuleboka tilbake.

Slepp hovudverk

– Eg er veldig glad, seier Maria Hauge, tillitsvalt i 1D på Hafstad vidaregåande skule om skulen si avgjerd om å gå tilbake til skulebøker.

– No blir det mykje lettare å konsentrere seg og eg slepp å få hovudverk og bli tørr i auga av å stire på ein dataskjerm lenge i strekk, seier Maria.

I haust skifta dei vidaregåande skulane i fylket ut lærebøker med digitale læreverk i fleire fag.

På Hafstad har 1.-klassingane vore utan skulebøker i norsk, kroppsøving, samfunnsfag og naturfag, men til hausten får dei att bøkene i alle fag med unntak av kroppsøving.

Klar tale

Årsaka til at Hafstad snur, er at elevar og lærarar har gitt klar beskjed om at det er den gode gamle skuleboka som er best.

– Når generasjonar som har vakse opp med datamaskiner så klart seier dei ønskjer bøker, må vi ta det til etterretning, seier ass. rektor Henrik Arne Losnegaard til Bergens Tidende.

Trøblete skulekvardag

På Hafstad fortalde elevane om ein trøblete start på overgangen til den digitale skulekvardagen. Tekniske løysningar var ikkje på plass, lærestoffet var ei blanding av nynorsk og bokmål, og elevane fortalde om konsentrasjonsvanskar og hovudverk.

I tillegg var ikkje alle dei berbare datamaskinene, som Fylkestinget vedtok skulle vere på plass til alle VG1-elevar i fjor haust, ikkje klare.

Men no får altså elevane att skulebøkene, noko Maria trur dei aller fleste på skulen vil glede seg over.

– Men det er klart at delar av dei digitale læremiddela har vore gode også, og skulekvardagen vil jo uansett vere delvis digital, seier Maria Hauge.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.