Lita bedrift frå fylket tek opp kampen med dei største aktørane på musikkmarknaden.
Med adresse på den vesle øya Mjømna i Gulen, utfordrar mp3-butikken Beat.no gigantane iTunes og Spotify.
- Marknaden for musikk er i endring, og dei neste åra er det ein del posisjonar som skal takast. Vi trur at veksten innan digital musikk vil halde fram og vi ønskjer å vere tidlig ute med å tilby den beste og billigaste tenesta for nedlasting av musikk, seier daglig leder i Beat.no, Simen Wilberg.
Han er gründer av selskapet saman med Njål og Linn Wilberg, som i 2007 etablerte SMS-søketensta AskADAM.
- Vi lovar alle våre medlemmer musikk til innkjøpspris – fem kroner per låt. Musikken vi selg skal vere hundre prosent DRM-fri. Det gjer at våre kundar kan bruke musikken på alle mp3-spelarar, utan avgrensingar, seier Simen Wilberg.
For å kjøpe musikk til innkjøpspris må ein vere medlem i Beat, og betale 20 kroner i veka. Utan medlemsskap handlar ein til rettleiande prisar.
Beat.no har inngått eit samarbeid om signaturlåt med Ralph Myerz, som har alliert seg med Snoop Dogg og George Clinton for å løyse oppgåva. I tillegg skal Jan Fredrik Karlsen fronte tenesta på radio og TV.