No vil Helse Førde undersøkje arbeidstidene
Under ein ambulansetransport i fjor haust forveksla ambulansepersonellet medisinen som pasienten skulle ha, og gav vedkommande ein medisin med liknande namn.
Vanlegvis skal det dobbeltsjekkast at det blir gitt riktig medisin, men dette blei ikkje gjort.
No har saka komme på fylkeslege Petter Øgar sitt bord.
– Hovudpoenget i denne saka er at ambulansepersonellet hadde vore på arbeid «langt utover det som er normal arbeidsdag». No går den vidare oppfølginga på å få ei vurdering av arbeidstida av ambulansepersonellet, fortel fylkeslegen til firda. no.
Helse Førde skal komme med ei uttale i høve arbeidstidene, og ambulansesjefen er involvert i dette arbeidet.
Pasientskadeutvalet i Helse Førde er inne i saka og Øgar vil ha dei si vurdering av saka.
– Det blir interessant å sjå kva Helse Førde gjer og lærer av dette, seier fylkeslegen.
Men det er langt frå første gong at arbeidstidene til helsepersonell kjem i søkjelyset etter slike bommertar.
– Mellom anna er legar si arbeidstid blitt problematisert tidlegare. Arbeidstidene deira er lagt utanom arbeidsmiljølova og dei har ofte lange vakter, seier Petter Øgar til firda. no.