Karin enda rett på legevakta etter veninnetur til New York.
Karin Flølo var i førre veke på ferietur til New York saman med fire veninner. Siste del av turen vart eit mareritt med kløe frå topp til tå og opphovna armar og bein for 27-åringen frå Førde.
- Eg har reagert på myggstikk før, men eg har aldri før opplevd å bli angripen av noko på denne måten. Eg heldt på å klø meg forderva, og det klødde over alt. Det var loppebit frå topp til tå, fortel Flølo.
Loppebita fekk ho i senga på hotellet dei overnatta på under turen til New York, og i starten skjønte ikkje Flølo årsaken til kløen og dei hovne utsletta.
- Eg var ganske fortvila og redd. Det vart berre verre og verre, og eg visste ikkje kva det var. Først trudde eg det var myggstikk, men etter kvart forstod eg at det var lopper som hadde angripe meg, seier Flølo.
Har du hatt liknande opplevingar på tur? Fortel om dette i kommentarfeltet under artikkelen.
Ho fortel at loppebita og hennar allergiske reaksjon på desse øydela dei siste to dagane av veka med veninnene i New York.
- Siste natta orka eg ikkje ein gong å legge med i senga på hotellet. Eg var hoven over alt, og leggane og anklane var dobbelt så store som til vanleg, fortel Flølo.
På flyturen heim følte ho seg uvel, og då ho kom heim til Førde måtte ho på legevakta.
- Der fekk eg ei sprøyte og allergidempande tablettar. No har hevelsane gått tilbake, og kløen har gitt seg litt, men eg er framleis plaga av reaksjonane på loppebita, seier Flølo.
Også ei av veninnene i reisefølgjet vart biten av loppene, men ho fekk ikkje like sterke allergiske reaksjonar som Flølo.