– Dette er heilt strålande, seier ordføraren
Brurastakken i Askvoll kommune er nominert som kandidat til Vår geologiske nasjonalarv.
Norsk Geologisk Forening står bak utmerkinga som vil setje fokus på stader som har spesielle geologiske kvalitetar og derfor bør takast godt vare på.
– Eg har nettopp fått vite at Brurastakken er nominert, og synst det er heilt strålande, seier ordførar i Askvoll, Aud Kari Steinsland.
Ho seier at nominasjonen er ein manifestasjon av det rike geologiske mangfalde i kommunen, og at Askvoll vil bruke dette i profileringa av kommunen.
– Brurastakken har også lett tilgjenge via Nordsjøløypa som går opp til toppen av fjellet. Det er derfor greitt å komme seg dit, både for turistar og andre som vil ta turen til dette fjellet med den unike geologien, seier Steinsland.
Meininga bak utmerkinga er å auke merksemda rundt dei geologiske serverdigheitene og den geologiske nasjonalarven.
Kriteria som står bak er at lokaliteten eller objektet skal gi eit innblikk i, ha ein bit av historia om korleis landet blei til, samt at tydinga lett kan forståast.