Huset har irritert naboar i årevis
Det gamle bustadhuset ved friområdet og badeplassen på Øyra i Askvoll kommune skal rivast.
Naboar og velforeining har i mange år kjempa for at huset skal vekk, og på jonsokaftan i fjor var dei nær ved å få ønskjer oppfylt. Då tok det fyr i huset, etter at glør frå jonsokbålet like ved tok tak i øvste etasje. Men brannvernet var like i nærleiken, og brannen vart fort sløkt.
Ber om tilbod på riving
No har Askvoll kommune gått ut og etterlyst anbod på rivearbeidet.
Hus og grunnmur skal fjernast, og staden der huset har stått skal planerast.
Huset var for eit par år sidan gjerda inn, etter at foreldre klaga på tryggleiken for barn som oppheldt seg på friområdet, som har badeplass og sandvolleyballbane.
Over hundre år
Huset er truleg bygd rundt år 1900. Det har ei grunnflate på rundt 50 kvadratmeter, og har kjellar, hovudetasje, loftsetasje og tørkeloft.
Huset har stått tomt i mange år, og har lenge irritert både dei som bur i nærleiken, og dei som nyttar friområdet.
No skal det vekk før sommaren.