Sjå kva som må til for å få trykk i gull.
I midten av mars lanserte FUTT i Fjaler (Folketalsutvikling, trivsel og tryggleik) at kvar nyfødd fjalerbu får ein body med teksten «Fjalerbu med Futt» i gåve frå kommunen.
- Neste steg i denne satsinga er å premiere fedre med ein boksershorts med teksten «FUTT i Fjaler», seier kulturleiar Ingeborg Tysnes i Fjaler kommune og dagleg leiar Linda Hovland i Fjaler Næringsutvikling.
Det er laga ei eiga gradering for boksershortsane. Menn i Fjaler med fire born eller fleire får boksershorts med trykk i gull, to og tre born gir trykk i sølv og førstegongsfedre får trykk i bronse.
- Dei som ikkje kan vise til slike resultat, men har markert seg som initiativrike fjalerbuar på andre område, kan kvalifisere seg til ein boksarshorts med teksten «FUTT i Fjaler» trykt bak, fortel Tysnes og Hovland.
Kva synest du om dette påfunnet? Sei di meining i kommentarfeltet under artikkelen.
Dei forklarer at boksershortsane vert delte ut for å skape blest rundt arbeidet «FUTT i Fjaler» gjer for at Fjaler kommune skal framstå som eit ope samfunn med høg trivselsfaktor og gründerånd.
Les meir om det spreke initiativet her: Fjaler næringsutvikling og Fjaler kommune.
Våre to modellar har kvalifisert seg på ulike arenaer; Rådmann Ola Hovland, er kvalifisert til gullshorts medan ordførar Arve Helle, heilt klart stiller i klassen for dei med teksten ”FUTT i Fjaler” bak.