...
Foto: Ivar Longvastøl

Opnar for storfest på denne plassen natt til 1. mai

Rådmannen ventar storinnrykk av russ, men tilrår skjenkjeløyve som prøveordning

Sigurd Løseth
Sigurd Løseth Profil E-post
Publisert 13.03.2010 kl 16:46 Oppdatert 13.03.2010 kl 16:46

Tips ein venn på e-post:


Rådmannen i Førde går inn for å imøtekomme ein søknad om skjenkjeløyve på ein utekonsert, kalla Vårslepp 2010, på Festplassen i Førde 30. april.

1000 - 2000 menneske

Arrangørane Pikant, Rica Sunnfjord Hotell & Spa og Bada Bing ventar mellom 1000 og 2000 menneske, og vil ta i bruk mesteparten av Festplassen.

Hovudarena blir eit telt på 900 kvadratmeter som kan romme inntil 1200 personar.

Politisk avgjerd

Rådmannen skriv at Førde har hatt fleire utandørs arrangement med skjenkjeløyve dei seinare åra, men denne saka meiner han bør leggjast fram for politisk avgjerd.

For to år sidan avslo kommunen ein søknad om eit utandørs russetreff på Festplassen 30. april. Sosialtenesta meinte arrangementet var særs lite heldig utfrå ein alkoholpolitisk ståstad. Heller ikkje russen var positiv.

Til årets søknad har sosialtenesta ingen merknader, og politiet er positive til arrangementet. I tillegg har kommunen vore i kontakt med russen som ønskjer denne typen arrangement.

Tilrettelagt for russ

Rådmannen ser på årets søknad om skjenkjeløyve som eit tilrettelagt arrangement for russen.

- Utfrå erfaring veit vi at det samlast mykje russ i området denne kvelden, skriv rådmannen som er villig til å innvilge søknaden i år som ei prøveordning for denne typen arrangement.

For å nytte erfaringane til eventuelle seinare søknader, må arrangøren sende ein rapport i etterkant til Førde kommune.

18 - 35 år

Arrangørane skriv at dei ikkje ønskjer at fredag 30. april skal bli ein stor russefest, men russen vil sjølvsagt vere ein del av publikummet.

- Musikken vil vere variert, vi satsar på musikk som passar for både unge og litt eldre. Målgruppa vi vender oss til denne dagen er frå 18 til 35 år, skriv Odd Erik Gullaksen, direktør Rica Sunnfjord Hotell & Spa, Arild Vie, dagleg leiar Bada Bing, og Arne Øvrebø, dagleg leiar Pikant.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.