Lakseoppdrettarane i fylket fryktar invasjon frå Hordaland.
Lakseoppdrettarane i Sogn og Fjordane krev at Mattilsynet nektar selskap frå Hordaland å etablere seg på deira eiga heimebane, skriv Bergens Tidende.
Oppdrettsnæringa i Hordaland slit tungt med lakselus, og er på leit etter andre lokalitetar for all oppdrettsfisken som det er planar om å tømme Hardangerfjorden for.
Dette har fått oppdrettarane i Sogn og Fjordane til å frykte ein invasjon frå nabofylket.
- Vi meiner at problema som er skapte i Hordaland, må løysast i Hordaland, seier Carl-Erik Arnesen i Firda Sjøfarmer AS til Bergens Tidende.
Arnesen representerer eitt av dei åtte største oppdrettsselskapa som no vender seg til Mattilsynet.
Så langt har det Austevoll-baserte storselskapet Sjøtroll Havbruk AS søkt om minst fire nye lokalitetar i Gulen, Hyllestad, Høyanger og Fjaler.