Det meiner iallefall Frp- politikar
– Harry Mowatts protest-avgang frå styret i Helse Førde framstår som eit spel for galleriet. Han betrar i alle fall ikkje Helse Førdes omdømme.
- Førte folk bak lyset
Stortingsrepresentant Åge Starheim (Frp) meiner at Mowatt førte folk i Sogn og Fjordane bak lyset, då han kunngjorde at han gjekk frå styret i Helse Førde, men ikkje sende skriftleg og formell melding om dette til Helse Vest.
I går vart det kjent at Mowatt går inn att i vervet.
Utidig måte
– Tåpeleg og barnsleg, seier Frp-representanten.
– Ein ting er at Mowatt openbert har hatt ein agenda for det han har gjort. Men eg trur mange tykkjer det er ein utidig måte å opptre på, når han går ut i media på den måten vi har vore vitne til, samstundes som han let vere å gi formelt beskjed til Helse Vest om at han trekkjer seg. Folk måtte nødvendigvis oppfatte det som at avgangen var reell, seier Starheim.
Må finne seg i det
– Men er det ikkje legitimt å markere ein protest, og deretter konstatere at protesten har blitt lytta til?
– At nokon går i protest er greitt og reieleg. Men når det skjer med det volumet, og med den heilomvendinga, må han finne seg i at folk får ei oppfatning av han, seier stortingsrepresentanten.
– Mowatt opptrer som om han berre vil vere med når han får det som han vil. Det minner om ein som tek ballen og går heim når fotballkampen ikkje går som han ønskjer, men som deretter kjem springande og vil inn på laget igjen når han får viljen sin, seier Starheim.
Omdømmet
– Slikt betrar ikkje omdømmet til helseføretaket. Vi hugsar korleis Kjell Opseth handla, då han gjekk ut av styret. Opseth tok konsekvensen av si usemje, takka for seg og stod for den avgjerda han tok. Men det Harry Mowatt driv med er tåpeleg, seier Åge Starheim.