Har blitt utsett for fleire brannforsøk den siste tida
Fleire gonger den siste tida har skulen i Kalvåg vore utsett for fleire forsøk på brannstifting.
Det første brannstiftingsforsøket var i vinterferien. Ein tilsett ved skulen fant noko som likna på ei brannbombe utanfor skulen.
Treverk på skulen var då heilt svartsvidd og ifølgje rektor Isak Berle skulle det ikkje mykje til før kledningen hadde teke full fyr.
– Skremmande, seier Berle til Firdaposten.
Han er sjokkert over hendingane og har no politimeldt saka.