Rappa softgun frå lensmannen og stal tablettar frå sjukeheim
Den unge sogningen stod tiltalt i Fjordane tingrett for ei rekkje tiltalepunkt som skjedde mellom 2008 og januar 2010.
90 dagar i fengsel
Mannen fekk 90 dagar i fengsel, der 30 er på vilkår med to års prøvetid.
I skjerpande retning legg retten vekt på at tiltakte har gjort liknande lovbrot tidlegare.
At mannen har tilstått mange av forholda, samt at ein del av sakene han var tiltalt for er for gamle, var i formildande omstende.
25 lovbrot
Her er nokon av dei 25 lovbrota som han blei dømd før i Fjordane tingrett nyleg.
Alt i alt måtte mannen svare for dette:
8 tilfelle av brot på legemiddellova i samband med bruk, sal og innehaving av narkotiske stoff
5 tilfelle av tjuveri.
2 tilfelle av brot på vegtrafikklova,
3 tilfelle av nasking
2 tilfelle av skadeverk
2 tilfelle av erverv av narkotika
1 tilfelle av bilbrukstjuveri
1 tilfelle av sal av alkohol til mindreårige
1 brot på våpenlova.