...
Foto: Bent Are Iversen

- Utan Widerøe stoppar distrikts-Norge

Aukande frykt for at SAS kan gå konkurs og dra med seg Widerøe

Publisert 11.03.2010 kl 21:05 Oppdatert 12.03.2010 kl 08:33

Tips ein venn på e-post:


- Dersom SAS skulle gå konkurs, vil det vere dramatisk for distrikts-Norge. Ikkje på grunn av SAS, men fordi dei eig Widerøe. Utan Widerøe stoppar distrikts-Norge, seier ein bekymra Magnus Stangeland, styreformann i Bergen Group, til NA24.

- Mjølkar Widerøe

Ifølgje nettstaden veks røystene som krev at Widereøe blir skilt ut frå SAS, både i tal og styrke.

Bekymringa er at SAS på grunn av sine vanskelege finansielle situasjon, mjølkar Widerøe økonomisk år for år. I tillegg trur kritikarane at konsekvensane for distrikts-Norge blir dramatiske dersom SAS skulle gå konkurs.

SAS treng milliardar frå eigarane sine for å overleve, og den danske kabinforeininga er den einaste fagforeininga som ikkje har inngått avtale om kutt i lønns- og arbeidsvilkår. Dette kan setje heile selskapet i fare, meiner norske og svenske fagforeiningar i SAS.

Ville roa nervane

Stangeland seier til NA24 at eit sal av Widerøe ville roa nervane.

-Dersom SAS går konkurs, vl det sette Widerøe i ein ekstremt vanskeleg situasjon. Vi risikerer at ein ny aktør kjem inn og berre tek dei feite rutene innanlands, slik at Widerøe som lever av å mate SAS via distrikta, blir kraftig redusert, seier Magnus Stangeland.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.