Stor feiring for bomfri veg
– Ein veg går i begge retningar, og når bommen forsvinn, skal vi vise at Florø har mykje å by på, både av handel og aktivitetar, for fastbuande og tilreisande.
Lagar byfest
Det seier komiteen som står bak planane om ein skikkeleg byfest den dagen bomstasjonen ved Naustdalstunnelen forsvinn, for å markere at det no er gratis å køyre til og frå Florø.
Les også: Om 23 dagar er denne bomstasjonen historie
– Lag og organisasjonar vi har vore i kontakt med, sluttar heilhjarta opp om å lage ein aktivitetsdag for heile familien, og vise både fastbuande og tilreisande alle dei kvalitetane vi har i byen vår, seier Tine Kroppan i Florø sentrum.
Smelle til
– 20. mars er litt tidleg i sesongen, men i eit jubileumsår er det like godt å smelle til frå starten, seier Bjørn Slettevold.
– Vi fryktar ikkje større handelslekkasje, men ser heller ein sjanse til å gjere oss meir attraktive når vegen blir bomfri. Vi må ha ein ambisjon om at trafikken skal gå begge vegar. Butikkane held ope til 16, det blir rekebåt ved kai, fotturar og grilling i Storåsen der krigsminneforeininga vil vise dei gamle festningsanlegga, og både hestesportssenteret og Havhesten lokkar med aktivitetstilbod. Florø er ein allsidig by, og det skal vi prøve å vise, og er i ferd med å spikre eit variert og innhaldsrikt program, seier Kroppan.