...
Dronning Sonja kjem til Førdefestivalen i sommar. Arkivfoto. Foto: Arne Stubhaug

Festival får dronningbesøk

Kjem til fylket for å vere med på konsert

Publisert 10.03.2010 kl 11:05 Oppdatert 10.03.2010 kl 11:12

Tips ein venn på e-post:

...
Aurelio Martinez frå Honduras er ein eksponent for garifunamusikken med røter frå Vest-Afrika. Denne musikken var fordømd av koliniherrar og misjonærar. I juli spelar Martinez for dronning Sonja. Foto: Pressefoto

Dronning Sonja tek turen for å vere med under opningskonserten i Førdefestivalen torsdag 8. juli 2010.

Gler seg

–Dette er sjølvsagt ei svært hyggjeleg melding for oss, og vi ser med glede fram til å vere vertskap for Dronninga når ho kjem til Førde. Mange vil hugse at Dronninga vart forhindra frå sitt planlagde besøk på jubileumsfestivalen vår i 2009 av helsemessige årsaker, så det er ekstra kjekt å kunne ønskje H. M. Dronning Sonja velkommen tilbake til festivalen, seier direktør Hilde Bjørkum i ei pressemelding.

Les også: Festival med forfølgt musikk og Irsk suksessgruppe til Førde

H. M. Dronning Sonja er Førdefestivalen sin høge beskyttar, og vitja Førde for første gong då ho opna festivalen i 2004.

Fridom og undertrykking

Fridom og undertrykking er tema på årets festival, og opningskonserten blir ein festkveld der vi hyllar musikarar som ikkje let seg kneble, fortel Bjørkum i pressemeldinga.

– Vi feirar musikken si enorme kraft og overlevingsevne. Artistane som opptrer er Aurelio Martinez (Honduras), The Kamkars (Iran/Kurdistan), Kroke (Polen), Malouma (Mauritania), Amal Murkus (Israel/Palestina), Lars-Ánte Kuhmunen Band (Sverige/Sapmi) og London Uyghur Ensemble (Kina/Kirgisistan). Konferansier er Herborg Bryn.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.