Foreldre til pleietrengande kjenner seg bundne på hender og føter
– Vi ber ikkje om mykje hjelp til avlastning. No kjenner vi oss bundne på hender og føter.
- Småleg av kommunen
Mor Kariann Haugsbø Davenport (41) og far Alan Davenport (41) frå Kyrkjebø har dagleg fått hjelp med si pleietrengande dotter Ingrid (15). Men framover må dei greie seg på eiga hand i alle helgar og på raude dagar, har Høyanger kommune bestemt.
– Småleg av kommunen, seier foreldra.
Utan helgehjelp
Hausten 2009 fekk familien beskjed om at hjelp i helgar og feriar blir kutta. Dette klaga dei på, to gonger. Nyleg fekk dei beskjed om at kommunen hadde fatta det endelege vedtaket. No vil Haugsbø Davenport og mannen ta saka vidare til Fylkeslegen. Dei fryktar kommunen er i gang med å plukke bort avlastingstenester bit for bit.
– Vi har vore utan hjelp i helgar i tre veker no. Det blir tøft framover. Vi er bundne fast, og blir aldri skikkeleg avlasta. Det vert mellom anna umogleg for ein av oss å finne på noko med dei to andre borna våre, for Ingrid krev oss begge, seier mora fortvila.
Ho fryktar at dei blir så slitne at dei til slutt møter veggen.
Fall om på skulen
I februar 2006 fall Ingrid om på skulen med hjartestogg. Eit sjeldan syndrom, Wolf Parkinson White Syndrom, førte til at Ingrid gjekk frå å vere frisk til pleietrengande. Mangel på oksygen til hjernen gav henne permanent hjerneskade.
Både mor og far er heimeverande med dottera, og får betalt til saman 54 timar i veka gjennom kommunen.
Kommunen: - Akseptabelt
– At vi får betalt for å vere heime med Ingrid føler vi blir brukt mot oss. I brevet frå kommunen står det at vi ikkje har krav på sjukepleierhjelp. Men vi er berre ute etter litt avlastingshjelp. Det å vere heime med Ingrid er det som er rett for oss. Vi er ein familie, og vi vil ikkje gje slepp på henne, seier Haugsbø Davenport.
Ifølgje helse- og sosialsjef Thore Hopperstad er det ikkje pengesparing som er årsaka til kutta.
- Der er ikkje endra reglar i kommunen i samband med avlastningstilbod, seier han til Firda og legg til at at kommunen har eit akseptabelt tilbod.